- SIM skal stilla til rådvelde dei konteinarar hytterenovasjons-ordninga til ei kvar tid krev.
- SIM skal levera ut, reparera og skifta konteinarar når det trengst.
- Hytteavfallet skal takast hand om på ein miljøvenleg, hygienisk og kostnadseffektiv måte.
- Abonnentane skal finna hyttekonteinarane på ein sentral stad, t.d. på veg til butikk eller hovudveg.
- SIM skal tømma hyttekonteinarane minst éin gong i veka om sommaren (frå påske til 1. oktober) og minst annakvar veke om vinteren.
- SIM skal ordna opp dersom ein abonnent melder frå om at ein hyttekonteinar er blitt overfyllt.
- SIM skal sjå til at det vert rydda rundt returpunkta for hytteabonnentar ved tømming, og sprøyta for fluger o.l. når det er trong for det.