
Planteartar som ikkje høyrer naturleg til i norsk natur, kan vera med på å true det biologiske mangfaldet på staden. Desse plantene må ikkje kastast i hageavfallet eller i biodunken då frø kan «overleve» komposteringsprosessen og dermed vera med og spreie seg via den ferdig komposterte jorda me sel.
Dersom du har høve til det kan du brenne dette avfallet heime i hagen. (sjekk med brannvesenet og kommunen om reglar for brenning i hagen).
Dersom du skal levera dei til SIM er dette rekna som hageavfall, og sidan hageavfall er gratis å levera hjå SIM er dette kosntadsfritt for deg som kunde å levera.
MEN; avfallet må leverast i godt pakka, gjennomsiktige, tette, sekker. Sekken(e) skal leverast som restavfall på miljøsentralen.
(Må ikkje leverast i plastemballasjesekken! Den skal berre nyttast til plastemballasje. I tillegg er den perforert og dermed kan frø spreie seg under transport)
Mindre mengder kan pakkast godt inn i ein plastpose og kastast i restavfallsdunken.
Større organiserte ryddeaksjonar kan melde seg på vår ryddeaksjonar «Rydd i nærmiljøet» Les meir om den her:
Døme på framande planteartar som skal brennast eller leverast som restavfall:
- Hagelupin
- Kjempespringfrø
- Kjempebjørnekjeks (Tromsøpalme)
- Parkslirekne
- Landøyda